Torsdag 22 oktober - kl 19.30 i Ås bibliotek
Ei språkreise med Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim er guide på ei underhaldande reise om norsk språk gjennom tusenåra frå steinalderen til dagens skjermalder. Alle som er opptekne av språkhistorie og språkutvikling og ynskjer å vita meir om dette vil ha glede av eit møte med Lomheim.
Sylfest Lomheim som er direktør i Språkrådet, har gjeve ut fleire bøker om norsk språk. Han er for dei fleste særleg kjent frå ulike program i NRK, i fyrste rekkje som medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen.
Ås bibliotek i samarbeid med Ås mållag