Onsdag 4. november kl 19.30 - Ås kulturhus, store sal
Robert Burns - 250 års jubileum

Det er i år 250 år sidan Robert Burns, Skotlands store lyrikar, vart fødd. Dikta hans har betydd mykje for skottane sin byrgskap og sjølvkjensle, og fødselsdagen hans 25. januar vert feira som ein uoffisiell skotsk nasjonaldag. Mange av dikta hans er blitt ekstra godt kjende i Norge gjennom omsetjingane til Hartig Kiran og Johannes Gjerdåker. Vi har fått Johannes Gjerdåker til å fortelja om Burns si dikting og om omsetjingane av dikta til nynorsk. Dessutan vil songaren Åsne Juve og Ås korforening framføra fleire av songane til Burns.
Ås mållag i samarbeid med Ås bibliotek